Før vi tek haustferie arrangerer dei ulike linjene haustutstilling. Dette er ein lang og god tradisjon og både elevar og lærarar jobbar intenst i tida fram mot ustillinga.
Dette er eit av prosjekta der fleire av linjene samarbeider - noko vi er stolte over å kunne seie at "vi er god på"! Kunst+ og Musikkproduksjon: "Hijacking". Game Design og Game Art: Spillprosjektet Minimalisme Skuespill og Voice Acting: Askeladden og Mannen som kappåt med trollet Musikk, valgfaga Band og Kor: haustkonsert i Løa Laurdag 7.oktober kunne vi endeleg ta imot gjester og vise noko av det vi har jobba med så langt. Etter at alle linjene hadde fått vist seg fram invitererte kjøkkenet på festmiddag før elevar og gjester kunne reise heim mot ein lang og god ferie. Ein pust i bakken etter ei særs travel tid. I år er det denne gjengen som utgjer elevrådet ved skulen. Gratulera til dykk alle. Kanskje er elevdemokratiet no viktigare enn nokon gong og me gler oss til samarbeidet. Framme elevrådsleiarleiar Balder. Bak frå venstre; Amanda, Amund, Maria Mei, Julie, Alice og Benjamin.
|
GalleriBilder og film fra skoleåret på Arkiv
January 2024
Kategorier
All
|